Category Archives: Tips frå oss

Frisørane sin kvardag!

Dette er Balanzera sitt hovudfokus, i tillegg til økologiske og miljøvennlege produkt.

Lavendel / Roande

Frisørfaget er eit kjempe bra fag på mange måtar. Ein får utfolda seg kreativt kvar dag og treffe mange ulike typer menneske. Eg syntes iallefall det er veldig positive sider ved faget vårt. Men, så har det desverre vore veldig mange dårlege vaner i frisørfaget, i alt for mange år.
Det har vore størst fokus på at kunden skal vere fornøgd, og arbeidsforholda til frisørane er sidesatt. Ved bruk av tradisjonelle hårprodukt har dette gått ut over frisørane si helse og i tillegg har det vore veldig vanleg med svært tettepakka arbeidsplan. Dvs. lite avsatt tid til kvar kunde, og kundar som er fletta i kvarandre, som fører til at frisørane fyk rundt som homler heile dagen. Ofte er det knapp tid til matpause. Iallefall om dei blir litt forsinka, eller ein kunde kanskje kjem litt seint, så går heile planen i vasken og  det er ikkje uvanleg at frisørane må hive i seg maten ståande og anpustne, før dei må vidare til neste kunde.

Så det seier seg kanskje sjølv at det ikkje er så rart at frisørane ikkje held ut så lenge i bransjen, men må avslutte karriera pga. utmattelse, slitasje i rygg og armar eller allergi.  Det er altså på høg tid at vi får endra på dette dårlege arbeidsmiljøet for frisørane og forhåpentlegvis få beholde dei lengre i faget.

Vi i Balanzera set av god tid til kvar kunde, og har ingen kundar i mellom ein behandling. Dette er betre både for kunden og frisøren. I tillegg har vi flekstid, som gjer at frisørane kan ta seg ein lengre lunsj om ho ynskjer det, og komme seg ut trekke luft eller få gjort nokre ærend.

Vi spelar roleg og avstressande musikk, og prøvar å halde ein roleg stemning i salongen. Det blir nok støy med mange frisørar og kundar i salongen, og føhnarar som går nokså ofte, om ein ikkje skal øse på med tecnomusikk eller radio i bakgrunnen.

Pachouli / Avstressande

Det er små bevisste valg vi har tatt, som eg er sikker på gjer ein stor forskjell i varigheten på våre frisørar si karriere.

Hormonforstyrrande coctail.

Ein rekke undersøkelsar viser at det er stor grunn til å bremse ned på bruken av kjemikalier:

  • Undersøkelsar frå Danmarks Tekniske Universitet viser at hormonforstyrrande stoff som er godkjent av myndigheitane kan føre til missdannelsar.
  • Forsøk på gravide rotter viste at dei som vart utsatt for hormonforstyrrande stoff under svangerskapet fødte hanrotter med brystvorter og misdannelsar på kjønnsorgan og testikkelkreft.
  • Dei kan knytte dette til menneske, og det er sansynlegvis ein forklaring på dei tendensar ein ser på dårlegare sædkvalitet.
  • Dei hormonforstyrrande stoffa er ikkje skadelege kvar for seg, men sida det er så store mengder av dei, og dei er over alt, i kosmetikk, klede og maten vår.
Underteikna er nå gravid å arbeider i frisørsalongen kvar dag. Jammen godt vi arbeider som grønne frisørar.
-Trude.

Gi en gave til din kjære far….!

Farsdagen nærmer seg, og i den anledning har vi på Balanzera satt sammen en liten gavepakke med noen av våre fantastiske produkter. Favoritt-teen vår, Pukka, og pakket oppi alle posene, med en god shampo fra det danske Zenz Therapy i forskjellige varianter. For de mer styling-glade, har vi pakker som inneholder Zenz Therapy styling wax i blanke og matte varianter, alt etter din fars smak.

Kom innom, og gled Far, bestefar, farfar og alle andre fedre på dagen den 14.november.