Monthly Archives: mars 2011

Ivrige frisør-studentar.

For nokre dagar sidan fekk eg ein e-mail frå 4 studentar frå Breivang VGS frisørlinje i Tromsø. Dei hadde eit prosjekt på skulen om økologisk/grønn frisørdrift. Dei skulle prøve ut godkjente grønne frisøråprodukt, og lære meir om kva dette gjeng ut på. Dei ville i den forbindelse stille oss nokon spørsmål. Det var fine spørsmål dei kom med, og veldig mange kundar i salongen spør om nettopp det same. Difor vil eg poste eit innlegg der dykk får både desse spørsmåla og kva eg svara.

 

1. Hva er fordelen med å ha enn Grønn salong?

svar: Det er svært mange fordelar med ein grønn salong.  Fyrst og fremst ein stor fordel for oss frisørar som står å jobbar med desse stoffa fleire timar kvar dag. Vi slepp å arbeide med alle dei sterke kjemikaliane, time etter time. Vi slepp å få dei på huda vår, og innånde dei farlege gassane. Dette vil igjen føre til mykje mindre risiko for allergi som luftvegsproblem, eksem, hovudpine og trøttheit. Det er også betre for kundane våre. Husk, det er veldig mykje sterke kjemiske stoffer i tradisjonelle hårfargar og permanent. Dette smører vi ned i hovudbotn til kundane, og dei får desse stoffa inn i kroppen. Kan ein unngå dette må jo det vere ein fordel.

Meg sjølv, stortrivast med å jobbe som grønn frisør.

2. Merker dere noen forskjell på grønne produkter og vanlige produkter?

svar: Forskjellen på grønne produkt framfor vanlege produkt er at dei er mykje mildare. Du blir ikkje trøtt og sliten av å arbeide med dei. Dei luktar godt og ikkje sterkt. F.eks lysninga me brukar luktar marsipan. 😉 Dei slit mindre på håret. Og virkar meir som ein kur.. Produkt som sjampo og balsam er også mykje mildare. Betre for kundar med eksem, tørr hovudbotn, gravide og alle andre som ikkje likar så godt lukta av sterk kjemisk produsera parfyme.  Altså, kvaliteten på håret til kundane våre er mykje betre. Dette kan eg sei fordi eg har jobba med tradisjonelle frisørprodukt før, og veit korleis hårkvaliteten på kundane mine var då.

Lysninga vi brukar. Ser langt meir skummel ut enn den er. Denne luktar berre marsipan.

 

 

 

 

 

 

3.Har dere større kundekrets enn de salongene som driver på med vanlige produkter?

svar:  Vi har ikkje berre kundar frå det område vi ligg i, som er Grünerløkka i Oslo. Dei kjem frå heile byen, utanfor for byen og faktisk ein del frå andre delar av landet. Vi har mange kundar som er bevisste, og kjem til oss fordi vi er grønne. Dei vil ikkje lengre påføre seg dei sterke kjemikaliane dei ellers får. Sidan vi har ein frisørsalong som skiljer seg ut så gjer det oss klart eit fortrinn. Vi starta denne salongen for 2,5 år sidan. Nå er vi 4 ansatte og fulle timelister. Så eg trur heilt sikkert vi har meir å gjere enn viss vi hadde åpna ein heilt tradisjonell frisørsalong midt i Oslo-gryta.

 

4. Merker dere veldig godt at det er mye mer kostnadsfylt å holde på med grønt?

svar: Kostnaden på grønne produkt kan i fyrste augekast virke litt høgare enn tradisjonelle. Det er fordi det er betre råvarer i produkta våre, men også fordi leverandørane som vi kjøper varer av er mindre, enn f.eks Loreal og Wella. Difor er det vanskeleg å få forhandla seg til same pris som ein kan viss ein f.eks kun kjøper varer gjennom ein stor leverandør.  Men, til gjengjeld er produkta meir konsentrera. Og fargane som vi brukar oksiderar ikkje. Det vil sei at om vi har blanda for mykje farge til ein kunde, kan vi helle det over på ei tom flaske og bruke denne seinare. Det er ikkje mogleg med tradisjonelle hårfargar. Og ein stor årsak til stort svinn i vanlege frisørsalongar. Kundane er også villige til å betale litt meir når dei veit at produkta som dei får er av høgare kvalitet. Men, vi prøvar å halde oss på same prisnivå som andre gode frisørsalongar i byen, så fleir har moglegheit til å besøka oss, ikkje berre dei rikaste.

 

5. Merker kundene noen forskjell på grønne produkter?

svar: Kundane merkar veldig stor forskjell. Det dei legg fyrst merke til er lukta i salongen vår. Det luktar ikkje som i vanlege frisørsalongar. Meir som viss du kjem inn i ein blomsterbutikk eller eit spa med gode aromaterapeutiske oljer. 😉 Vidare merkar dei at fargane ikkje svir i hovudbotn, eller riv i nasen. Og at håret blir mykje sunnare og blankare med ein gong. I tillegg held farga seg lengre. Dette er jo nettopp fordi den ikkje slit på håret, dvs. at den ikkje åpnar skjelllaget i håret og farga vil ikkje renne ut av håret så fort. Håret blir ikkje matt og livlaust etter 14 dagar, men ser fortsatt blankt og nyfarga ut.

 

Eg håpar at jentene ved Breivang VGS fekk inspirasjon av å lese svara eg gav dei, og at dei har lysst til å utforske meir i den grønne frisørverden. Det er utruleg bra at dei lærer litt om dette allereie på frisørskulen.

Håpar også at alle dykk andre som las dette også vart litt klokare og fekk meir forståelse for kvifor vi held på med dette, og kvifor det er så bra.

 

-Trude.