Vi søkjer nye dyktige medarbeiderar!

Eg har nå dreve Balanzera i 3 år. Det har vore 3 år med mykje jobb, men fyrst og fremst mykje moro. Alt har gått så bra. Vi starta opp i oktober 2008. Då var det berre meg og ein frisør til, Gunn Elise. Me fekk meir og meir å gjere og idag er vi 4 frisørar og 2 lærlingar. Desverre skal Gunn Elise slutte hos oss etter nyttår, så vi treng nå fleire dyktige frisørar med på laget vårt.

Er du ein av våre nye medarbeiderar?

Vi søkjer 2 nye frisørar, med svennebrev.
Stillingane vil vere 50% frå 1.desember 2011, med stor sjanse for økt stillingprosent på nyåret.

Kvalifikasjonar:

Vi ser etter frisørar som er engasjera og inspirera til å arbeide i ein grøn frisørsalong.

Du skal vere kreativ, ha yrkesstolthet og helst god erfaring. Menn oppfordrast til å søkje.

Vi tilbyr:

Hos oss får du ein arbeidsplass i lokaler som er kjent for sin gode atmosfære. Vi satsar på å vere ein stad der kundane får det lille ekstra. Vi set av god tid til kvar kunde, ingen kundar inn i mellom. Dette gjer det betre både for kundane og frisørane.
Sidan vi kun brukar økologiske og miljøvennlege produkt så vil du ikkje vera plaga med sterke kjemiske stoff. Mindre hovudpine og trøytheit. Dette vidare vil hjelpa deg med å halde fram i frisørfaget lengre.
For oss er miljøet frisørane står å arbeider i det viktigaste.

Vi tilbyr garantilønn + god provisjonslønn. Ein tryggheit for begge partar.

Kort om Balanzera AS.

Salongen held til i store og lyse lokaler sentralt på Grünerløkka i Oslo.

Vi tilbyr behandlingar av høg kvalitet.
Tek oss svært god tid til kvar enkelt kunde og forsikrar oss om at vi forstår kunden sitt ønskje og behov.
Kreativitet er ein viktig del av salongdrifta og vi elskar å finne på nye ting!
Vi held oss oppdatert ved jevnleg kursing.

Vi brenn for å drive ein frisørsalong med dei reinaste og beste frisørprodukta på marknaden.
Frisørane hos oss har eit sunt arbeidsmiljø og mindre sjanse for å utvikle allergi.

Vi er sertifiserte som ”Grønn frisør” av Fagforbundet i Norge og Frisørenes Fagforening. Les meir:
www.gronnfrisor.no

Vi har gode faglege kunnskapar, veit kva slags stoff vi arbeider med og kva vi skal unngå.

Vi har god kontakt med andre frisørar og miljøorganisasjonar i Danmark,
der forskinga på området har komme lenger enn her heime.

Produkta vi brukar i salongen er testa og godkjent som eit ”sundt alternativ” av Københavns miljøkontroll,
og Videncenteret for frisører ved Gentofte hospital i København.

Er du interessert?

-eller kanskje du kjenner ein dyktig frisør som kunne passa inn hos oss?

Send oss ein mail på: salong@balanzera.no

Fortel oss litt om kven du er og kvifor du ynskjer jobb hos oss. Også set vi pris på om cv, vitnemål/svennebrev og attestar er vedlagt.

Trude, Balanzera.

Gratis hudanalyse av Line Horn / Anne Marie Börlind.

Då er det igjen duka for at vår autorisera hudterapeut og make-up artist, Line Horn besøker Balanzera. Ho jobbar for den tyske, økologiske hudpleieserien, Anne Marie Börlind, som vi sel i salongen.

Dato: 27. september, frå kl. 10-18.

Line Horn har svært lang erfaring som hudterapeut, og er verkeleg dyktig i jobben ho utfører. Har du spørsmål i forhold til huda di er du sikker på å få eit klart svar og gode råd. Ho har vore i salongen vår fleire gonger tidlegare. Vi som arbeider i salongen lærer mykje nytt og blir svært inspirera av Line, og kundane vi har hatt hos ho har vore svært fornøgde.

Nå kan også du få ein 1/2time gratis analyse av huden din, og få lagt ein lett make-up. Ho gjer deg råd om kva for hudprodukter som passar deg best, og viser deg korleis du legg ein best mogleg make-up, med dine fargar.

Ring til salongen for å bestille time: tlf. 22041166.

Velkommen.

Kvalitetssalong / holistisk tankegang

I Balanzera er vi svært opptatt av at den grønne salongen skal vere ein gjennomført konsept, og at vi derfor har eit holistisk syn på kva dette angår. Det hjelper ikkje å drive ein frisørsalong med så reine hårprodukt som mogleg, om andre ting som blir servera er fulle av sprøytemiddel, eller produsera på ein negativ måte i forhold til dyr, menneske og miljø. Derfor har vi mange tiltak som gjer at vi som arbeider i Balanzera kan leve med betre samvit, samtidig som du som kunde kan føle ein sikkerheit på at vi tenker grønt i alle ledd av virksomheten.

Sjølv om vi har frå starten av har tatt mange bevisste og viktige avgjeringar i forhold til helse og miljøprofil. Vi valgte f.eks å legge bambusgulv i salongen, istadenfor vanleg tradisjonelt tregulv. Bambus er det treet som veks raskast i verda, og er derfor ikkje noko risiko mot regnskogen. I tillegg er gulvet svært slitesterkt, og treng ikkje behandlast. Det har ein glatt overflate som er perfekt om vi skulle søle hårfarge på gulvet, det trekker ikkje ned, så det er bare å ta ein klut å tørke det av.

Vi serverar kun økologisk og fairtrade merka kaffe, te og frukt. Teen vår, som vi også serverar i salongen er frå Pukka,kaffen frå Zinzino og frukta får me levert frå Kolonihagen, ein gong i veka.

Sidan vi er fleire ansatte i salongen som slit med allergi, og i det heiletatt er opptatt av at ingenting vi omgir oss med skal vere giftig for oss, kundane våre, og ikkje minst miljøet, så velger vi å ikkje bruke tradisjonelle vaskemiddel i salongen. Når eg seier «tradisjonelle» så meiner eg det som er mest vanleg å kjøpe i daglegvarebutikken i dag. Sjølv om vi i Norge har nokså strenge krav til kva som er lovleg å ha i vaskemiddel, så er det likevell nokon som har problematiske stoff for å «bedre» konservering, klor/bleikings eigenskaper og mange tensider eller parfymestoff vert bruka.  Når ein tenker på at alle desse kjemikaliene blir igjen på overflater etter vask, avgir dampar og påvirkar kroppen vår negativt, og i tillegg blir skylt ned i avløpet og vidare ut i drikkevatn og levevilkår for andre dyr. Dette vil vi berre ikkje vere ein del av. Derfor brukar vi kun økologisk og miljøvennleg vaskemiddel, som garanterar å ikkje skade oss eller miljøet på nokon måte. Vi brukar merke Ecover og Sonett. Begge desse får vi som bedriftskunde kjøpt i gjennom Alternativ mat AS, men . Er du privatkunde kan du få kjøpt dette i fleire helsekostbutikkar eller på nettet Sunkost
Life, eller H-kjeden/Røtter. Om du syntes det er tungvindt å komme deg til ein helsekostforetning, eller ikkje har nokon i nærheten av der du bur så vil eg iallefall anbefale deg å kjøpe reinhaldsprodukt i daglegvarebutikken som er Svanemerka. Gjerne i store pakningar for å minske unødvendig emballasje og hjelpe din personlege økonomi.

Så vi er ein bedrift som er opptatt av å drive å grønt og miljøvennleg som mogleg. Men, vi veit at vi har mange ting som kan betrast. F.eks gjeld dette punkt som søppelhåntering. I Oslo har det fram til nå vore vanskeleg å få sortera så godt som ein skulle ynskje. Iallefall har det kreva meir energi, sidan einaste sorteringa som er tilgjengeleg ute i bakgården vår kun er «Restavfall» og «Papp/papir». Heldigvis byrjar dette å bli betre i Oslo. Dei har starta bra med å få inn «Matavfall» og «Plast»-sortering i tillegg, iallefall på Oslo Vest og Nord, og vi ser fram til at dette også kjem til oss. Men, i tillegg ynskjer vi å gjere ein endå betre innsats og få litt hjelp på denne vegen mot å bli ekspertar på søppelsortering. Vi skal derfor, som ein del av det å bli sertifisera av Fagforbundet som er «Kvalitetssalong» Då er det ein rekke kriteriar som skal vere på plass. Dei fleste av punkta i denne avtala har vi allereie infridd, som f.eks.

  • Vi skal tilby grønne frisørprodukt. (vi er sertifisera som «Grønn frisør» frå før.
  • Vi skal ha ei tariffavtale, og at våre frisørar er sikre ein høgare fast garantilønn pr. time.
  • Vi skal fylle tariffavtala sine krav for å vere lærlingbedrift.
  • Fokusere på samarbeid og kvalitetsutvikling.

Men, så er det eit punkt til i denne avtala, som vi ikkje har infridd endå, og det er:

Det blir nok nokon rundar vi må igjennom, men tenk kor godt vi vil føla oss når vi med sikkerheit veit at vi gjer vårt aller beste for å ta vare på klimaet og miljøet. Prosjektet mot å bli «Kvalitetssalong» startar vi med i slutten av september, og vi kjem til å holde deg oppdatert. Vi gler oss iallefall til å ta fatt på prosjektet, så vi også kan klistre eit slikt eit klistremerke i ruta vår:

Om du er frisør sjølv og syntes dette høyres spennande ut, vil eg anbefale deg å ta kontakt med Frisørenes Fagforening.

Les meir om kvalitetssalong  her.

Pure Pact, organic haircare.

Dette er vår nyaste produktserie i salongen. Det er eit seriøst merke, som set ansvar for miløet i fyrste sete.

Produkta er laga av dei reinaste og beste råvarer. Duftene som er bruka er kun økologiske eteriske oljer, som foreiner aromaterapiens prinsipp om enkelhet og reinhet. Dei er ikkje for sterke i duften, noko eg syntes er fantastisk. Dei er lette og friske. Når kvaliteten på duften er så god holder den seg lengre og ein blir ikkje så fort lei.

Dei er laga av 100% naturlege og økologiske ingrediensar, utan parabener, fargestoff eller kunstig parfyme. Ein god kombinasjon av det beste frå naturen til det beste frå vitenskapen.

Det er heller ingen sodium laurath sulfate i produkta. Det er det stoffet som stort sett vert bruka i sjampo/såpe som skummemiddel, men som har vist seg å vere veldig allergiframkallande.

Eit anna pluss med desse produkta er at all emballasje er laga av resirkulerbart materiell, og produkta er ikkje testa på dyr.

Kom innom oss for ein test, eller ein duftprøve. Serien har svært mange gode stylingprodukt også, noko det ikkje er overflod av i økologiske hårprodukt-seriar. Les meir om Pure Pact på http://www.pactuk.com/purepact

Inspirasjon til å gi kjærleik og omsorg.

Så skjedde det som skjedde, fredag 22.juli, 2011. Dette gjorde noko med oss. Uansett om ein har nokon nære eller kjære som har blitt ramma av det forferdelege, så påvirkar det oss alle. Og eg syntes godheit og kjærleik mellom ukjente aldri har vore så tydeleg i Oslo sine gater som det har vore dei siste dagane.

Forgje veke la vi ut eit tilbod på Groupon.no. Her hadde vi to ulike pakker å tilby. Ein til herre og ein til dame. Det som er felles for begge desse behandlingane er at dei inkluderar hårspa-behandlingar. Vi velger ulike kurar og oljer som passar den enkelte også gir vi ein lengre massasje av hovudbotn. Mens kuren virkar tilbyr vi fotbad, kaffe, te og frukt,  -og vi tenner eit lys på kvart serveringsbrett.

Tilbodet vi hadde var svært populært og kundane har storma inn dørene hos oss. Det er veldig koseleg å få mange nye og fornøgde kundar, i tillegg til alle dei gamle og gode kundane vi har frå før.

Eg syntes alltid det har vore god stemning i salongen vår. Det er ein roleg og avslappande atmosfære. Men, dette har vist seg endå sterkare denne veka. Folk har hatt ein merkeleg ro, det har vore større åpenheit mellom oss ansatte, ukjente og kjente kundar. Praten går naturlegvis ofte over på det som har skjedd, men det oppstår også stunder med ein fantastisk stillheit. Det var ein flott tilfeldigheit at alle desse hårspa-behandlingane blir utført i ei tid der me treng det mest. Det virkar som kundane set pris på ein avkobling i ein ellers tung kvardag og vi som frisørar har eit stort behov og ynskje om å gjere behandlinga og dagen litt lettare for kvar einaste ein som har valgt å ta turen til oss. Det følast godt å kunne gi omsorg og kjærleik i denne tida.

Groupon-tilbod: Økologisk oljehårspa, -70%!

Vi har dagens Groupon-tilbod i Oslo. Sjå meir og kjøp ein god deal på http://www.groupon.no/

I dette inlegget vil eg beskrive kva du som Groupon-medlem får viss du kjøper ein deal hos oss.

 

 

 

 

Økologisk oljehårspa frå Zenz Therapy

Både dame og herre-behandlinga inneheld hårspa-behandlingar. Damebehandlinga er litt lengre og meir avansera, mens ein enklare, men vell så behageleg utgåve av denne, tilbys mannen.

Vi brukar oljer frå det danske økologiske merket: Zenz Therapy,  http://www.zenztherapy.dk/

Desse er laga av dei reinaste og beste råvarer.  Hovudingrediensar er jojobaolje og kaldpressa sesamolje, som er kjent for sine gode eigenskapar på hud og hår. Dei er enkle på duft og du vel sjølv kva for olje vi skal bruke. Somregel er det den dufta du foretrekk som er den du treng akkurat den dagen. Ved minihårspa (herrebehandlinga) er det frisøren som vel kva for  kur/olje som passar best til din hår og hovudbotn.

Dame: Klypp  m/vask og styling og økologisk oljehårspa:

Ein behandling som passar godt for damer med sommartørt hår,  og ynskje om litt luksus og forkjærling. Vi set av god tid til konsultasjon med deg. Høyrer etter kva for ynskje du har, om du berre vil klyppe vekk litt slitte tuppar, eller ynskjer å få noko heilt nytt og friskt. Vi lyttar og veiledar deg.

Oljehårpa behandlinga startar, du vil bli vist bort til massasjestolen i vasken. Her skal du få dufte på dei 5 ulike håroljene i Zenz Therapy-serien. Du vel sjølv den oljen du likar best duften på.

Vi masserar oljen godt inn i hår og hovudbotn i ca. 15 min. Deretter skal denne oljekuren få virka i damp, imens kan du nyte eit fotbad, med identisk oljeblanding som du har fått i håret. Du vil difor merke at du anten blir oppfriska, avslappa eller balansera, alt etter kva for eigenskap den olja du har valgt har. Du vil også få servera økologisk kaffe/te og frukt.

Så vaskar vi grundig ut olja frå håret ditt, så du ikkje går ut med oljete og fett, -men eit sundt og blankt hår.

Så følger klyppebehandlinga inkl. styling. Og vi håpar du har fått ein annleis og god oppleving hos oss.

Varigheit på behandlinga: ca. 1 time og 45 min.

Pris; ordinær: kr. 1480,-  Groupon pris: kr. 439,-. 

Bong må benyttast innan 6 månadar.

Herre: Klypp m/vask og styling og økologisk minihårspa:

Er du mann og ynskjer å oppleve ein annleis frisøroppleving? Ein god hårklypp med  frisørar som er interessera i å gje deg den beste service og kvalitet, og samtidig gje deg avlsappande massasje av hovudbotn. Då er det ein god ide`å ta turen til Balanzera.

Vi set av god tid til konsultasjon så du og frisøren skal vere sikre på at de er 100% einige om korleis du ynskjer frisyra skal vere.

Så blir du vist til massasjestolen i vasken. Her analyserar frisøren hår og hovudbotn og vel ut i frå dette den sjampoen og hårkuren som er best for deg. Du vil så få ein god og avslappande massasje av hovudbotn.

Når så klyppen skal starte vil du få tilbod om økologisk kaffe/te og frukt. Samt blad viss du berre vil site og slappe av og lese litt, eller ikkje. Hos oss kan du gjere akkurat det du føler for.

Vi håpar du får ein avslappande og positiv oppleving ved din neste hårklypp hos oss.

Varigheit på behandlinga: ca. 1 time.

Pris: Ordinær:  kr.830,- Groupon pris: kr. 249,-

Bong må benyttast innan 6 månadar.

Både lærlingar og frisørar utfører Groupon-behandling. Same pris og same kvalitet.

Vi har både frisørar og lærlingar som kjem til å ta desse behandlingane. Lærlingane våre tar vanlegvis 30% rabatt på klyppebehandlingar. Har du kjøpt Groupon-dealen vil du ikkje få ekstra rabatt i tillegg til dei 70% som du allereie har fått. Begge lærlingane våre har kome langt i opplæringsforløpet og du vil vere sikra ein svært dyktig lærling, som alltid får hjelp og støtte av ein av sine læremeistrar. Klyppen vil og bli sjekka av ein læremeister til slutt.

Hormonforstyrrande coctail.

Ein rekke undersøkelsar viser at det er stor grunn til å bremse ned på bruken av kjemikalier:

  • Undersøkelsar frå Danmarks Tekniske Universitet viser at hormonforstyrrande stoff som er godkjent av myndigheitane kan føre til missdannelsar.
  • Forsøk på gravide rotter viste at dei som vart utsatt for hormonforstyrrande stoff under svangerskapet fødte hanrotter med brystvorter og misdannelsar på kjønnsorgan og testikkelkreft.
  • Dei kan knytte dette til menneske, og det er sansynlegvis ein forklaring på dei tendensar ein ser på dårlegare sædkvalitet.
  • Dei hormonforstyrrande stoffa er ikkje skadelege kvar for seg, men sida det er så store mengder av dei, og dei er over alt, i kosmetikk, klede og maten vår.
Underteikna er nå gravid å arbeider i frisørsalongen kvar dag. Jammen godt vi arbeider som grønne frisørar.
-Trude.

Tilbod på reisekit frå Davines Authentic, kr. 119,-

Nå har vi fått inn dette søte reisekitet frå Davines Autentic serien. Det er multifunksjonelle produkt, dvs at du kan bruke dei både på hud, hår og ansikt.

Serien består vanlegvis av

  • cleansing nectar: ein kombinert sjampo og kropsvask.
  • mousturising balm: balsam for håret og rensemjølk til ansikt og kropp.
  • replenishing butter: ein tjukk og god fuktigheitskrem til kropp og ansikt, som også er super som hårkur.
  • nourishing oil: kroppsolje til ekstra tørre parti, peeling (ved tilsetting av salt/sukker) eller oljehårkur.
Reisekittet inneber kjøp av moisturising balm 75 ml. kr 119,- der du får med ein gratis cleansing nectar90 ml.
Tilbodet varer så langt lageret held.

Oppfrisking av hår og hud til våren?

17.mai nærmar seg og listene våre byrjar å fyllast opp allereie. Vil du vere sikra ein time hos oss, for å friske opp vinterhåret, kan det vere lurt å bestille time ein av dei nærmaste dagane.

Tysdag 12. april vil vi igjen arrangere gratis hud og fargeanalyse. Det er Line Horn, Anne Marie Börlind sin autorisera hudterapeut og make-up artist, som skal skjemme deg bort i 20 min. Du vil få grundig analyse av huda di og rådgjeving om kva for produkt som passar deg best. I tillegg legg ho ein lett make-up og fortel deg kva for fargar som kler deg best. For å gjere dagen fullkommen vil vi også servere økologisk te, saft, frukt og varme bollar.

Ring oss i salongen, på tlf. 22041166, for å bestille tid.

Vi håpar å treffe dykk til ein hyggeleg vår-oppfrisking av hud og hår.

Ivrige frisør-studentar.

For nokre dagar sidan fekk eg ein e-mail frå 4 studentar frå Breivang VGS frisørlinje i Tromsø. Dei hadde eit prosjekt på skulen om økologisk/grønn frisørdrift. Dei skulle prøve ut godkjente grønne frisøråprodukt, og lære meir om kva dette gjeng ut på. Dei ville i den forbindelse stille oss nokon spørsmål. Det var fine spørsmål dei kom med, og veldig mange kundar i salongen spør om nettopp det same. Difor vil eg poste eit innlegg der dykk får både desse spørsmåla og kva eg svara.

 

1. Hva er fordelen med å ha enn Grønn salong?

svar: Det er svært mange fordelar med ein grønn salong.  Fyrst og fremst ein stor fordel for oss frisørar som står å jobbar med desse stoffa fleire timar kvar dag. Vi slepp å arbeide med alle dei sterke kjemikaliane, time etter time. Vi slepp å få dei på huda vår, og innånde dei farlege gassane. Dette vil igjen føre til mykje mindre risiko for allergi som luftvegsproblem, eksem, hovudpine og trøttheit. Det er også betre for kundane våre. Husk, det er veldig mykje sterke kjemiske stoffer i tradisjonelle hårfargar og permanent. Dette smører vi ned i hovudbotn til kundane, og dei får desse stoffa inn i kroppen. Kan ein unngå dette må jo det vere ein fordel.

Meg sjølv, stortrivast med å jobbe som grønn frisør.

2. Merker dere noen forskjell på grønne produkter og vanlige produkter?

svar: Forskjellen på grønne produkt framfor vanlege produkt er at dei er mykje mildare. Du blir ikkje trøtt og sliten av å arbeide med dei. Dei luktar godt og ikkje sterkt. F.eks lysninga me brukar luktar marsipan. 😉 Dei slit mindre på håret. Og virkar meir som ein kur.. Produkt som sjampo og balsam er også mykje mildare. Betre for kundar med eksem, tørr hovudbotn, gravide og alle andre som ikkje likar så godt lukta av sterk kjemisk produsera parfyme.  Altså, kvaliteten på håret til kundane våre er mykje betre. Dette kan eg sei fordi eg har jobba med tradisjonelle frisørprodukt før, og veit korleis hårkvaliteten på kundane mine var då.

Lysninga vi brukar. Ser langt meir skummel ut enn den er. Denne luktar berre marsipan.

 

 

 

 

 

 

3.Har dere større kundekrets enn de salongene som driver på med vanlige produkter?

svar:  Vi har ikkje berre kundar frå det område vi ligg i, som er Grünerløkka i Oslo. Dei kjem frå heile byen, utanfor for byen og faktisk ein del frå andre delar av landet. Vi har mange kundar som er bevisste, og kjem til oss fordi vi er grønne. Dei vil ikkje lengre påføre seg dei sterke kjemikaliane dei ellers får. Sidan vi har ein frisørsalong som skiljer seg ut så gjer det oss klart eit fortrinn. Vi starta denne salongen for 2,5 år sidan. Nå er vi 4 ansatte og fulle timelister. Så eg trur heilt sikkert vi har meir å gjere enn viss vi hadde åpna ein heilt tradisjonell frisørsalong midt i Oslo-gryta.

 

4. Merker dere veldig godt at det er mye mer kostnadsfylt å holde på med grønt?

svar: Kostnaden på grønne produkt kan i fyrste augekast virke litt høgare enn tradisjonelle. Det er fordi det er betre råvarer i produkta våre, men også fordi leverandørane som vi kjøper varer av er mindre, enn f.eks Loreal og Wella. Difor er det vanskeleg å få forhandla seg til same pris som ein kan viss ein f.eks kun kjøper varer gjennom ein stor leverandør.  Men, til gjengjeld er produkta meir konsentrera. Og fargane som vi brukar oksiderar ikkje. Det vil sei at om vi har blanda for mykje farge til ein kunde, kan vi helle det over på ei tom flaske og bruke denne seinare. Det er ikkje mogleg med tradisjonelle hårfargar. Og ein stor årsak til stort svinn i vanlege frisørsalongar. Kundane er også villige til å betale litt meir når dei veit at produkta som dei får er av høgare kvalitet. Men, vi prøvar å halde oss på same prisnivå som andre gode frisørsalongar i byen, så fleir har moglegheit til å besøka oss, ikkje berre dei rikaste.

 

5. Merker kundene noen forskjell på grønne produkter?

svar: Kundane merkar veldig stor forskjell. Det dei legg fyrst merke til er lukta i salongen vår. Det luktar ikkje som i vanlege frisørsalongar. Meir som viss du kjem inn i ein blomsterbutikk eller eit spa med gode aromaterapeutiske oljer. 😉 Vidare merkar dei at fargane ikkje svir i hovudbotn, eller riv i nasen. Og at håret blir mykje sunnare og blankare med ein gong. I tillegg held farga seg lengre. Dette er jo nettopp fordi den ikkje slit på håret, dvs. at den ikkje åpnar skjelllaget i håret og farga vil ikkje renne ut av håret så fort. Håret blir ikkje matt og livlaust etter 14 dagar, men ser fortsatt blankt og nyfarga ut.

 

Eg håpar at jentene ved Breivang VGS fekk inspirasjon av å lese svara eg gav dei, og at dei har lysst til å utforske meir i den grønne frisørverden. Det er utruleg bra at dei lærer litt om dette allereie på frisørskulen.

Håpar også at alle dykk andre som las dette også vart litt klokare og fekk meir forståelse for kvifor vi held på med dette, og kvifor det er så bra.

 

-Trude.