Kvalitetssalong / holistisk tankegang

I Balanzera er vi svært opptatt av at den grønne salongen skal vere ein gjennomført konsept, og at vi derfor har eit holistisk syn på kva dette angår. Det hjelper ikkje å drive ein frisørsalong med så reine hårprodukt som mogleg, om andre ting som blir servera er fulle av sprøytemiddel, eller produsera på ein negativ måte i forhold til dyr, menneske og miljø. Derfor har vi mange tiltak som gjer at vi som arbeider i Balanzera kan leve med betre samvit, samtidig som du som kunde kan føle ein sikkerheit på at vi tenker grønt i alle ledd av virksomheten.

Sjølv om vi har frå starten av har tatt mange bevisste og viktige avgjeringar i forhold til helse og miljøprofil. Vi valgte f.eks å legge bambusgulv i salongen, istadenfor vanleg tradisjonelt tregulv. Bambus er det treet som veks raskast i verda, og er derfor ikkje noko risiko mot regnskogen. I tillegg er gulvet svært slitesterkt, og treng ikkje behandlast. Det har ein glatt overflate som er perfekt om vi skulle søle hårfarge på gulvet, det trekker ikkje ned, så det er bare å ta ein klut å tørke det av.

Vi serverar kun økologisk og fairtrade merka kaffe, te og frukt. Teen vår, som vi også serverar i salongen er frå Pukka,kaffen frå Zinzino og frukta får me levert frå Kolonihagen, ein gong i veka.

Sidan vi er fleire ansatte i salongen som slit med allergi, og i det heiletatt er opptatt av at ingenting vi omgir oss med skal vere giftig for oss, kundane våre, og ikkje minst miljøet, så velger vi å ikkje bruke tradisjonelle vaskemiddel i salongen. Når eg seier “tradisjonelle” så meiner eg det som er mest vanleg å kjøpe i daglegvarebutikken i dag. Sjølv om vi i Norge har nokså strenge krav til kva som er lovleg å ha i vaskemiddel, så er det likevell nokon som har problematiske stoff for å “bedre” konservering, klor/bleikings eigenskaper og mange tensider eller parfymestoff vert bruka.  Når ein tenker på at alle desse kjemikaliene blir igjen på overflater etter vask, avgir dampar og påvirkar kroppen vår negativt, og i tillegg blir skylt ned i avløpet og vidare ut i drikkevatn og levevilkår for andre dyr. Dette vil vi berre ikkje vere ein del av. Derfor brukar vi kun økologisk og miljøvennleg vaskemiddel, som garanterar å ikkje skade oss eller miljøet på nokon måte. Vi brukar merke Ecover og Sonett. Begge desse får vi som bedriftskunde kjøpt i gjennom Alternativ mat AS, men . Er du privatkunde kan du få kjøpt dette i fleire helsekostbutikkar eller på nettet Sunkost
Life, eller H-kjeden/Røtter. Om du syntes det er tungvindt å komme deg til ein helsekostforetning, eller ikkje har nokon i nærheten av der du bur så vil eg iallefall anbefale deg å kjøpe reinhaldsprodukt i daglegvarebutikken som er Svanemerka. Gjerne i store pakningar for å minske unødvendig emballasje og hjelpe din personlege økonomi.

Så vi er ein bedrift som er opptatt av å drive å grønt og miljøvennleg som mogleg. Men, vi veit at vi har mange ting som kan betrast. F.eks gjeld dette punkt som søppelhåntering. I Oslo har det fram til nå vore vanskeleg å få sortera så godt som ein skulle ynskje. Iallefall har det kreva meir energi, sidan einaste sorteringa som er tilgjengeleg ute i bakgården vår kun er “Restavfall” og “Papp/papir”. Heldigvis byrjar dette å bli betre i Oslo. Dei har starta bra med å få inn “Matavfall” og “Plast”-sortering i tillegg, iallefall på Oslo Vest og Nord, og vi ser fram til at dette også kjem til oss. Men, i tillegg ynskjer vi å gjere ein endå betre innsats og få litt hjelp på denne vegen mot å bli ekspertar på søppelsortering. Vi skal derfor, som ein del av det å bli sertifisera av Fagforbundet som er “Kvalitetssalong” Då er det ein rekke kriteriar som skal vere på plass. Dei fleste av punkta i denne avtala har vi allereie infridd, som f.eks.

  • Vi skal tilby grønne frisørprodukt. (vi er sertifisera som “Grønn frisør” frå før.
  • Vi skal ha ei tariffavtale, og at våre frisørar er sikre ein høgare fast garantilønn pr. time.
  • Vi skal fylle tariffavtala sine krav for å vere lærlingbedrift.
  • Fokusere på samarbeid og kvalitetsutvikling.

Men, så er det eit punkt til i denne avtala, som vi ikkje har infridd endå, og det er:

Det blir nok nokon rundar vi må igjennom, men tenk kor godt vi vil føla oss når vi med sikkerheit veit at vi gjer vårt aller beste for å ta vare på klimaet og miljøet. Prosjektet mot å bli “Kvalitetssalong” startar vi med i slutten av september, og vi kjem til å holde deg oppdatert. Vi gler oss iallefall til å ta fatt på prosjektet, så vi også kan klistre eit slikt eit klistremerke i ruta vår:

Om du er frisør sjølv og syntes dette høyres spennande ut, vil eg anbefale deg å ta kontakt med Frisørenes Fagforening.

Les meir om kvalitetssalong  her.

2 thoughts on “Kvalitetssalong / holistisk tankegang

  1. Wow! Så utrolig bra at dere finnes, det trenger Oslo sårt. Selvom fler og fler kommer etter, er det få som satser fullt ut sånn som dere.

    Stå på og lykke til med Miljøfyrtårnsertifiseringen!

    Birgitte, comeclean.no

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.